100% stilling som barnehagelærar ved Jondal barnehage

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Jondal barnehage
Frist
22.12.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fast ledig stilling som barnehagelærar i 100 % i Ullensvang kommune frå og med no.

For tida i Jondal barnehage

 

Jondal barnehage er ein 4 avdelings barnehage med 53 barn, som ligg sentralt i Jondal sentrum ved sida av barneskule, bibliotek, idrettshall og symjehall, og har mange flotte turområde i nærleiken.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Me ynskjer å laga gode kvardagar for små og store i barnehagen gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.

 

Kompetanse: Barnehagelærar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning: Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Erfaring er ynskjeleg

  • Evne til å jobba målretta og systematisk

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å fylja opp mål som er sett og implementera dei i aktivitetar for og med barna

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og sette inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Robust

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Fokus på kvalitet i tenesta

 

Krav:

  • Politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale (avhengig av stilling)

  • Rekrutteringstillegg på kr 30.000 etter 1. år tilsett og 30.000 etter 2. år tilsett

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
383546038
Sist endret
04. des. 2024 01:03