Kyrkjelydspedagog
- Arbeidsgiver
- Askvoll/Fjaler/Hyllestad sokn
- Stillingstittel
- Kyrkjelydspedagog
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Sokna i Askvoll, Fjaler og Hyllestad har inngått eit nytt samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna.
Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokalt trusopplæringsutval i soknet, styringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre lønna og ulønna medarbeidarar.
Det er om lag 940 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno.
Hovuddelen av trusopplæringstiltaka vil vere lokalisert i kommunesentraene med Askvoll kyrkje, Dale kyrkje/Ljosheim og Hyllestad kyrkje. Lokala her er godt eigna for trusopplæringsaktivitetar, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over svært god oppslutning (over 80% i fleire av trusopplæringstiltaka) i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå:
www.askvoll.kyrkja.no
www.kirken.no/fjaler/
www.hyllestad.kyrkja.no
Arbeidsoppgåver
- Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for den kyrkjelege undervisninga i soknet
- Saman med trusopplæringsutvala og styringsgruppa ansvar for at tiltaka i trusopplæringsplanane vert gjennomførte.
- Delta i gudstenester knytt til trusopplæringa.
- Delta i arbeid blant born og unge.
- Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.
- Profilere trusopplæringsarbeidet i ulike medier. Rapportering.
Vi ynskjer ein person som
- Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.
- Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i
- fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
- Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.
- Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.
- Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
- Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).
Opplysningar om stillinga
- Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde.
- God pensjonsordning i KLP.
- Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.
- Fast kontorplass på kyrkjekontoret i Askvoll eller Dale sentrum i triveleg kollegafellesskap saman med sokneprest, kantor/organist, kyrkjesekretær og kyrkjeverje.
- Fleksibel ferieordning: Om ønskeleg kan det avtalast konsentrert arbeidstid til delar av året der den tilsette kan ta ut ferieveker i samband med jul, påske, i skulen sin
- vinter- og haustferie og lang sommarferie (tilsvarande skuleferien).
- Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
- Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle).
- Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest. Oppstart i stillinga: 1. februar eller etter avtale.
Kontaktinformasjon
Rune Ziener, 479 63 319, rz459@kyrkja.noJostein Bildøy, 951 91 332, JB286@kyrkja.no
Arbeidsstad
Kyrkjekontoret6988 ASKVOLL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Askvoll soknReferansenr.: 4892967963
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kyrkjekontoret, 6988 Askvoll
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 383549988
- Sist endret
- 05. des. 2024 09:47