Ringevikarar
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Ølen skule
- Frist
- 20.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me søker:
Ringevikarar til Ølen skule og SFO.
Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.
Hovudarbeidsoppgåver:
Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga.
Kvalifikasjonar:
- Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar.
- Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg.
- Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
Personlege eigenskapar:
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår.
- Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
- Ølen skule er 1- 10 skule med 330 elevar
- Ligg sentralt til i Ølen
- Me har eit aktivt og engasjert personale
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Litlehagen 15, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 383643474
- Sist endret
- 05. des. 2024 11:29