Sjukepleiarar - Masfjorden sjukeheim

Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarar - Masfjorden sjukeheim (september 24)
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Masfjorden kommune søker etter to sjukepleiarar i faste 80 - 100% stillingar, med arbeidsstad for tida ved Masfjorden sjukeheim.

Stillingane er ambulerande nattevaktstilingar. Nattevaktene er på 10,5 timer.


Me ser etter sjukepleiar som 
  • Har autorisasjon som sjukepleiar
  • Har evne til å arbeide i sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel, tek ansvar og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer 
  • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre 
  • Har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå b2
  • Har førarkort klasse B

     

  • Søkarar med fagbrev som helsefagarbeidar kan verte vurderte for ei av stillingane

Arbeidsoppgåver
  • Delta i varierte arbeidsoppgåver både inne på sjukeheimen og til heimebuande
  • Motta telefonar og vurdere behov for tilsyn på natt
  • Trygge brukarar på telefon og eventuelt rykke ut ved behov for tenester
  • Foreta vurdering om behov for bistand frå legevakt og naudetatar
  • Arbeid kvar 3. helg

Me tilbyr 
  • Full stilling. Mellom 80 - 90% om ein berre går nattevakter
  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer 
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling 
  • Varierte arbeidsoppgåver 
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
  • Pr. i dag 10 000 kroner utover tariff i tillegg for høgskuleutdanna i turnus, og 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Betalt lunchpause

Masfjorden sjukeheim

Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 32 sengeplassar. 
 

Klikk her for å sjå korleis me har det hjå oss 

 

Politiattest

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fensfjordvegen, 5986 Hosteland
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
383659034
Sist endret
05. des. 2024 11:49