Miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar - Vikariat desember 2024
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Masfjorden kommune søker etter miljøarbeidar i 100% vikariat frå 13.01.2025 til og med 31.08.2025 ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter.

Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar.


Me har ledig

100% mellombels stilling som miljøarbeidar med fagarbeidarutdanning frå og med 13.01.2025 til og med 31.08.2025

Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Me kan også leggje til rette for ordinære vaktlengder. 

Vakt kvar 6. helg. 


Arbeidsoppgåver
  • Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte 
  • Delta i arbeidsretta tiltak 
  • Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar 
  • Tverrfagleg samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, heimetenesta, spesialhelsetenesta mfl. 

Kvalifikasjonskrav miljøarbeidar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar 
  • Relevant erfaring ynskjeleg 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B1
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar vil bli vektlagte 

Søkarar med  helse- og sosialfaglege høgskuleutdanningar vil også kunne bli vurderte. Lønsplassering etter utdanning


Krav til personlege eigenskapar
  • Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid 
  • Du er sjølvstendig i arbeidet 
  • Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert 
  • Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing 
  • Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane 
  • Personlege eigenskapar vil bli vurderte

Me tilbyr
  • Løn etter tariff. 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Betalt lunch
  • God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring 
  • Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar 
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro 

Politiattest 

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader. 


Sektor
Offentlig
Sted
Hosteland, 5986 Hosteland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
383661597
Sist endret
05. des. 2024 11:53