Konsulent
- Arbeidsgiver
- Hareid kommune, Servicetorg og politisk sekretariat
- Stillingstittel
- Konsulent
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Servicetorget og politisk sekretariat er på mange måtar navet i Hareid kommune. Her har vi direktekontakt med både innbyggarane og dei folkevalde. Vi handterer sentralbord, arkiv, innbyggardialog, gir støtte til dei folkevalde, er sekretærar i dei folkevalde møta, sakshandsamarar og har fagansvar for mellom anna digitalisering, kommunikasjon og arkiv.
No skal ein av våre gode medarbeidarar slutte. Vi ser derfor etter deg som er interessert i og har kunnskap om desse fagområda.
Vi kjem til å leggje vekt på personlege eigenskapar.
6060 Hareid
Referansenr.: 4891001600
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
No skal ein av våre gode medarbeidarar slutte. Vi ser derfor etter deg som er interessert i og har kunnskap om desse fagområda.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver som sentralbord og skranke, saksbehandling i startlånsaker og møtesekretær for fleire av dei folkevalde organa er ledige. Basert på våre behov og din kompetanse og erfaring kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har relevant utdanning på bachelornivå og erfaring frå kunde- og/eller sakshandsaming. For å gjere ein god jobb må du ha god IKT-kunnskap, i tillegg til god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.Personlege eigenskapar
Jobben kan til tider bli hektisk og med mange ballar i lufta. Du må derfor vere strukturert, kunne handtere store mengder informasjon og vere flink til å veksle mellom og prioritere forskjellige oppgåver. Når du møter innbyggjarar, tilsette og folkevalde forventar vi at du er imøtekomande, serviceinnstilt og løysingsorientert.Vi kjem til å leggje vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
På rådhuset vil du bli ein del av ein god arbeidsfelleskap. Vi delar same mål om å gjere Hareid kommune til ein god kommune å bu og jobbe i. Målet er å samarbeide på tvers av fagmiljøa for å trekke vekslar på kvarandre sine erfaringar og kompetanse.
Elles er det verdt å nemne at arbeidsstaden din ligg sentralt plassert på Sunnmøre. Frå Ulstein er det 15 minutt med bil. Frå Ålesund er det 25 minutt med hurtigbåt. Frå Fosnavåg, Volda og Ørsta tek det mindre enn 40 minutt å køyre til Hareid rådhus.
Vi har gode pensjons- og forsikringsavtalar gjennom KLP.
Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Faste stillingar har ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Johnny Berge, Konstituert leiar, +47 948 64 377Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4891001600
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Konsulent
- FINN-kode
- 383664021
- Sist endret
- 05. des. 2024 11:56