Audiograf
- Arbeidsgiver
- ØNH - Poliklinikk, Helse Førde
- Stillingstittel
- Audiograf
- Frist
- 12.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønsker du deg fast jobb som audiograf på Vestlandet, i ein by med kort veg til fjell, fjord og hav, der du på same tid har tilgang til bylivet?
Hørselsentralen ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som audiograf, med oppstart snarast/etter avtale.
Hørselsentralen har 6,5 audiografstillingar, og har aktivitet på 3 stadar: Førde, Lærdal og Nordfjordeid. Hørselsentralen er ein del av Øyre-Nase-Hals-Kjeve-avdeling og vi arbeider tett saman i team på tvers av yrkesgruppene. Vi er opptekne av gode arbeidsforhold og godt samarbeid i avdelinga. I Førde er ØNH-legar og audiografar lokaliserte i same lokale.
Vi brukar pasientsystemet DIPS som arbeidsverktøy.
For meir informasjon om Helse Førde, kan du gå inn på denne lenkja.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune, og er den største byen i gamle Sogn og Fjordane fylke. Vi ligg sentralt til, med eigen flyplass og godt bussrutenett, og Bergen ligg bare ein tre timars køyretur unna. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur, med ulike arrangement, konsertar, festivalar, m.m.
Er du oppteken av friluftsliv, så er Førde ein by med uendelege moglegheiter. Byen ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, og med kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring, m.m er mange og varierte. For meir informasjon om Sunnfjord kommune, kan du gå inn på denne lenkja.
Den som får tilbod om tilsetjing må legge frem tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Diagnostikk og behandling av hørselstap i alle aldersgrupper
- Avdelinga har alt relevant utstyr til klinisk audiologisk utgreiing
- Moglegheit til å gjere ASSR i narkose, dextor, osv
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og kollegaer
- Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø
- Du må kunne arbeide målretta og tole å stå i krevjande situasjonar
- Du må trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistre høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad, og dekking av husleige dei 2 første månadane
- Dekking av 2 heimreiser pr år
- For kvalifiserte søkjarar tilbyr vi oss å dekke reise og opphold i forbindelse med intervju
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Karianne Strønen, Avdelingssjef, 578 31 582Karin Refvik, Seksjonsleiar, 578 39 451
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4892699945
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 383674426
- Sist endret
- 05. des. 2024 12:28