Inaktiv

Miljøterapeut 

Arbeidsgiver
Tolomarka omsorg og avlastning
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut for vernepleiar/sjukepleiar frå januar 2025 

Tolomarka omsorg og avlastning er i vekst og utvikling og no treng me miljøterapeut for arbeid med dei yngste barna i aldersgruppa 5 til 10 år. 

  • Me har fleksible turnusar som kan tilpassast til langvakter på 12,5 timar, i kombinasjon med kveldsvakter og arbeid 3. kvar helg. Meir informasjon om turnus får du hjå kontaktpersonane i annonsa.
  • Som miljøterapeut hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du fylgjer opp fleire brukarar knytt til avlastningsavdelinga. Me yter for tida teneste til barn og unge vaksne frå 7 til 20 år. Det vil vera aktuelt med oppfølging i forhold til skule, fritid og pårørande.
  • Me ser etter ein fagperson som har erfaring og interesse av å gje eit skreddarsydd tenestetilbod til brukarane våre. Me søkjer derfor deg som har kompetanse på arbeid med barn og unge med utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar.

Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på skulen og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team. Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!



Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat 
  • Legemiddelhandtering 
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer 
  • Bidra i dokumentasjon, kartlegging og delta i utarbeiding av vedtak 
  • Primærkontaktansvar

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.

  • Du må vera autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø.
  • Det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse på å handtera krevjande situasjonar rundt barn med tidvis utfordrande adferd.
  • Det er ønskjeleg med gjennomført MAP -kurs.
  • Det er ein fordel om du har kompetanse på autismespekterforstyrringar.
  • Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
  • God skriftleg framstillingsevne og tydeleg kommunikasjon
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.   

Personlege eigenskapar

  • Lojal og tolmodig
  • Trygg på deg sjølv og med god relasjonsevne
  • Ha ei genuin interesse for fagfeltet
  • Kunna jobba sjølvstendig, men også god på teamarbeid

Vi tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
  • Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
  • Leiarar som ser heilskap
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Generell informasjon 

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.  

Kontaktinformasjon

Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, +47 970 79 638

Arbeidsstad

Furuflaten 4

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4888224436

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Furuflaten 4, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
383706872
Sist endret
06. des. 2024 07:05