Miljøarbeidarar
- Arbeidsgiver
- Tolomarka omsorg og avlastning
- Stillingstittel
- Miljøarbeidarar
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter.
Me har ledig:
- 80 % fast stilling frå januar 2025
- 83 % og 60 % vikariat frå januar 2025 - 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.
Tolomarka omsorg og avlastning er i vekst og utvikling. Me skal framover byggja opp eit godt avlastningstilbod for yngre barn i alderen 5 til 10 år og søkjer derfor etter fleire nye fagarbeidarar innan helsefag eller barne og ungdomsarbeidarfaget. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om barn med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.
Det er gode moglegheiter for ekstravakter og årsarbeidstid dersom ønskjeleg. Turnusen inneheld både langvakter, kveldsvakter og nattevakter om ønskjeleg. Det er mogleg å utvida stillingsbrøk ved å bruka årsarbeidstid.
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på
jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid og beste effektive omsorgsnivå.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og avlastning til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon våren 2025 oppmodast også til å søkja.
- Fordel med relevant arbeidserfaring, spesielt innan autismespekteret
- Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming
- Ha god relasjons- og kommunikasjonsferdigheit og toler å stå i utfordrande åtferd
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yt tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som er:
- Autentisk: Du er ærleg og redeleg, står opp for verdiane dine og vert opplevd som ekte.
- Robust: Du er hardfør, seier ifrå og tåler både medgang og motgang.
- Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver, samstundes som du motiverar og engasjerar kollegaer til å
gjera det same. Du er lojal og trufast mot avgjerder. Du tar imot og gjev
tilbakemeldingar. - Initiativrik, dynamisk, med god gjennomføringskraft: Du føreslår endringar der du ser behov. Du er omstillingsdyktig og initierer endringar der
det er naudsynt, du gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt. - Systematikar: Du er grundig, nøyaktig og metodisk, og evner å sjå dei store linjene i kvardagslege tiltak og aktivitetar.
- Kunnskapsarbeidar: Du brukar lov, forskrift, faglege og etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren.
Du bidrar til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane.
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, 970 79 638Arbeidsstad
Furuflaten 45600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4888232731
Stillingsprosent: 80, 83, 60%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Furuflaten 4, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 383707862
- Sist endret
- 05. des. 2024 02:07