Tilkallingsvikar/Ferievikar ved psykisk helseteneste
- Arbeidsgiver
- Årdal kommune Helse
- Frist
- 03.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Psykisk helseteneste i Årdal kommune søkjer etter fleire tilkallingsvikarar/ferievikarar 2025.
Psykisk helseteneste er lokalisert på Årdalstangen i Tangenvegen 14. Her har me bustader med tilknytt døgnbemanning, lågterskel dagtilbod, ambulerande tenester og samtaletilbod.
Kvalifikasjonskrav:
- Personar med helse- og sosialfagleg høgskule utdanning og studentar innan desse studieretningane
- Helsefagarbeidarar
- Personar med erfaring frå tilsvarande arbeid.
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
Om du ikkje har utdanningskrava ovanfor, men kanskje har tankar om å starte opp med det i framtida er du og velkommen til å søke som vikar hjå oss.
I vår teneste vil me vektleggje desse personlege eigenskapane:
- Evne til å bygge relasjonar og tillit
- Høg arbeidskapasitet og stor fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner, men også at du kan jobbe sjølvstendig
- Interesse for menneske og at du er utforskande
Me tilbyr:
- Høve til å bygge kompetanse og erfaring innan fagområdet
- Varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer
- Turnus med vakter på 12 timar natt/dag.
Me føretrekk deg som har høve til å vere vikar hjå oss gjennom året og som går inn som ferievikar i sommarturnusen vår. Dette for at det skal vere mest mogeleg forutsigbart for brukarane i vår teneste. Skriv difor gjerne noko om kva som er dine mogelegheiter for å jobbe framover i søknaden din til oss.
Søknadane vert vurdert forløpande. Søknadsfristen kan bli utvida.
Lønn og tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter utdanning og praksis jamfør HTA.
Årdal kommune sin lokale lønspolitikk seier at høgskulestudentar som tek til i arbeid som er relevant i høve utdanninga dei tek, som hovudregel vert løna som fagarbeidarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 383797882
- Sist endret
- 06. des. 2024 07:23