Brannkonstabel
- Arbeidsgiver
- f.t. ved Svelgen brannstasjon, Brann og redning, Bremanger kommune
- Stillingstittel
- Brannkonstabel
- Frist
- 10.01.2025
Beskrivelse
Bremanger brann og redning har ledig to deltidsstillingar som brannkonstabel ved brannstasjonen i Svelgen. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.
6723 Svelgen
Referansenr.: 4862020251
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025
Arbeidsoppgåver
Deltidsbrannkonstabelen vert utkalla ved brann/ulukke etter behov. Det er krav til ca. 8 øvingar à 3 timar pr. år. Brannkonstablane ved Svelgen stasjon er utan fast vaktordning, men har plikt til å bere radio og møte på utalarmeringar så sant dei har høve.Kvalifikasjonar
- Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
- Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking
- Førarkort kl B.
- Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar
- Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg
- God samarbeidsevne og fleksibilitet
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg
Ynskjeleg:
- Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil
- Fyrstehjelpskompetanse
- Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.
Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.
Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar.
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
- Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
- Startpakke for nytilsette. Startpakka består av eit årleg tilskot på kr. 30.000,- pr år i inntil fem år.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass.
- Gratis barnehage. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.
Kontaktinformasjon
Robert Endestad, Leiar for brannberedskap, +47 90124335Arbeidsstad
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4862020251
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Sikkerhet, Annet, Brannvern
- FINN-kode
- 383803054
- Sist endret
- 19. des. 2024 12:59