Helsefagarbeidar/ assistent, natt 

Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/assistent 65% natt
Frist
19.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bømlo bu og helsesenter har ledig vikariat på natt i 65 % stilling som helsefagarbeidar/assistent i 1år med mulighet for forlenging.

Ved institusjonen er det 3 avdelingar, to langtids- og ein korttid- og rehabiliteringsavdeling (KOR). På natt er det 1 sjukepleiar på KOR, og 1 sjukepleiar / 3 helsefagarbeidarar ved dei to langtidsavdelingane. Vikariatstillinga vil tilhøyre Post 2 Sør som utgjer den eine langtidsavdelinga.

Målet vårt er å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver innanfor eige kompetanseområde.
  • Dokumentere i henhold til lov og forskrift.
  • Opplæring og veiledning av nytilsette.
  • Vere med å utvikle et godt arbeidsmiljø i samarbeid med anna personal i avdelinga.

Kvalifikasjonar

Autorisert helsefagarbeidar eller assistent med erfaring.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Kan arbeide sjølvstendig og tek ansvar.
  • Er positiv, løysingsorientert, engasjert og fleksibel.
  • Har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
  • Har evne til og er positiv til omstilling.
  • Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver saman med eit team med høg fagleg kompetanse og lang erfaring.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Chatrin Pedersen Risøy.

Kontaktinformasjon

Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar, +47 474 52 732

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4888809356
Stillingsprosent: 65%
Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
383803077
Sist endret
06. des. 2024 09:48