Inaktiv

Helsefagarbeidar/utdanningsstillingar

Arbeidsgiver
Haram Omsorgssenter
Stillingstittel
Helsefagarbeidar fast stilling
Frist
22.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidarar eller personar under eit helsefagleg utdanningsforløp (helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleier) til følgjande helgestillingar. Det er mogleg å ha annakvar eller tredje kvar helg. Stillingsprosent er mellom 14%-25%, alt etter helgebelastning på turnus.

Stillingane er for tiden ved Haram Omsorgssenter, og er stillingar i turnus med 35,5 t/veke. 

Haram Omsorgssenter har base i eit fint og moderne lokale på Haramssenteret i Brattvåg. Haram Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids-, korttids-, rehabiliterings- og demensplassar. Haram Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar. I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Helsefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av pasientar.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar. Personar under utdanning. 
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande
  • Du har gode evner til å følgje opp gitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
  • Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
  • Du har godt humør og ei positiv framtoning.
  • Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
  • Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Løn etter tariff.
  • Gode turnusordningar med fokus på heiltidskultur.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Siv Ulla Otterlei, Avdelingsleiar, 46946384, siv.hilde.ulla.otterlei@haram.kommune.no

Beate Austnes Nogva, 46865766, Beate.Jeanett.Austnes.Nogva@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4885742253

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 22.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Storgata 20, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
383809326
Sist endret
06. des. 2024 09:53