Vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Avdeling Haram bustadar 2, Haram kommune
- Stillingstittel
- Vernepleier
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haram bustadar avdeling barnebolig søker vernepleiar i 100% fast stilling. Stillinga er for tida i barnebolig som har beliggenheit på Solbakken bukollektiv. Turnus består for tida av dag/kveld og langvakter kvar 4.helg. I stillinga som vernepleiar i barnebolig får du vere med å bygge opp barnebolig og barneavlastning i Haram kommune. Du vil få sett av tid i turnus til å jobbe med fag, og jobbe tett i lag med miljøterapeutteamet og avdelingsleiar.
Haram bustadar er delt inn i to avdelingar. Haram bustadar 1 består av bustadar og dagsenter, Haram bustadar 2 består av bustader, Solbakken bukollektiv og barnebolig. Vi gir i hovudsak tenester til menneske med diagnosen psykisk utviklingshemming. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokus på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ynskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk.
- Fagutvikling, vernepleier vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
- Erfaring frå arbeid med barn.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Fastsett tid i turnus til å jobbe med fag, prosedyrar og rutinar.
- Jevnlege møtepunkt som personalmøte, miljøterapeutmøte, tenestemottakermøte og ansvarsgruppemøte.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 6
6265 vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4878648018
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 02.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 383821172
- Sist endret
- 06. des. 2024 12:54