Driftsoperatør avdeling eigedom
- Arbeidsgiver
- Teknisk drift og eigedom, Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Driftsoperatør
- Frist
- 07.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ørsta kommune har ledig 100 % stilling som driftsoperatør for avdeling eigedom ved teknisk drift og eigedom. Avdeling eigedom har driftsansvar for ca. 80 kommunale bygg med eit totalt areal på nesten 100.000 kvm.
Teknisk drift og eigedom er eit tenesteområde organisert med ansvar for kommunal bygningsmasse, reinhald og tenesteyting innanfor park og kyrkjegard, veg, vatn og avløp.
Vi har fokus på eit godt arbeidsmiljø som skal gi oss betre og meir effektiv tenesteproduksjon. Ørsta kommune er inne i ei aktiv utvikling, med mange oppgåver som må løysast i åra som kjem. Digitale verktøy er eit satsingsområde for å gjere meir for litt mindre.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunale bygg med uteområde for å sikre trygg og kontinuerleg drift
- Drift og vedlikehald av byggtekniske anlegg: blant anna varmesentral og ventilasjon, SD-anlegg, brann- og naudlys, bassengdrift m.m.
- Energioppfølging
- Oppfølging av underleverandørar/serviceavtalar
- Internkontroll av bygg og tekniske anlegg
- Følgje opp i daglege eigars ansvar, jf. forskrift om brannførebygging
- Famac-web vert nytta som FDVU-system
- Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga
- Vaktordning for avdeling eigedom kan verte aktuelt, men også anna kommunal vaktordning (brøytevakt/brannkonstabel) er aktuelt for rett kandidat
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav om fagbrev, anten som byggdriftar, elektro, automasjon, VVS, tømrar osv.
- Arbeidserfaring innanfor nemnde områder kan erstatte relevant fagbrev
- Krav om førarkort klasse B, ønskjeleg med BE
- Ønskjeleg med liftsertifikat
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- Har interesse for byggdrift
- Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig har gode evner til samarbeid
- Har positive haldningar
- Er sjølvstendig og løysningsorientert
- Er strukturert og fleksibel i høve arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest etter Opplæringslova § 17-11 og Barnehagelova § 30
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål om å gi ei betre og meir effektiv teneste
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga vert plassert i kap. 4 i HTA ut i frå formell kompetanse.
Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Prøvetid på 6 mnd der fråver går til fråtrekk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar:
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids-tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML § 14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Odd-Robert Støylen, Avd.leiar eigedom, 90 86 55 94, odd.robert.stoylen@orsta.kommune.noUlf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 951 55275, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4886062099
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 07.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 6, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Teknisk personell
- FINN-kode
- 383833113
- Sist endret
- 09. des. 2024 07:00