Aktivitetsleiar Ung kultur
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Aktivitetsleiar Ung kultur
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Øystre Slidre kommune søkjer aktivitetsleiar i 16% fast stilling i Ung kultur
Øystre Slidre kommune søkjer aktivitetsleiar til avdeling for Ung kultur med snarleg oppstart. Stillinga omhandlar primært medansvar for drift av 'huken' Ungdomsklubb i Gapahuken.
Avdeling for Ung kultur arbeider for at barn og unge i Øystre Slidre skal ha gode oppvekstvilkår, gjennom å legge til rette for gode og relevante fritidsaktivitetar, drive aktiv ungdomsmedverknad, og tverrfagleg samarbeid med skulen, kultur- og helsesektoren, og frivillige lag og organisasjonar. Avdelinga har ansvar for drift av ungdomsklubbtilbodet og koordinering av ungdomsrådet i kommunen, og bidreg inn i det regionale samarbeidet kring UKM. Avdelinga er representert i ulike tverrfaglege samarbeidsorgan, og tek del i ulike prosessar knytt til oppvekstvilkåra i kommunen. Ung kultur er organisert under tenesteområdet kultur.
Som aktivitetsleiar har du ansvar for å planlegge, gjennomføre og drive ungdomsklubbtilbodet i Gapahuken. Du jobbar på lag med andre engasjerte tilsette og frivillige ungdomar, der me har stort fokus på ungdomsinvolvering og medverknad.
Klubben sitt mål er å skape inkluderande møteplassar og alternative fritidsaktivitetar for ungdom. Du som søkjer bør ha eit brennande engasjement for ungdom og ungdomskultur, og god evne til å kommunisere med ungdom. Me søkjer ein person som er tolmodig, fleksibel, spontan, kreativ og entusiastisk, som også er ryddig, tydeleg og ein god rollemodell for ungdomane våre. Du bør ikkje vere redd for å by på deg sjølv.
Stillinga har komprimert arbeidsår og følgjer skuleruta. Ungdomsklubben er inne ei utviklingsfase, der me står i ein prosess med å stake ut kursen for vidare drift og kva opningstilbod me skal ha. Per d.d. har klubben ope på tysdag ettermiddag, med ambisjon om utviding av tilbodet på sikt. Som aktivitetsleiar vil du ha ei aktiv rolle i arbeidet med utvikling av tilbodet.
Stillinga kan utvidast til 20%, med eit vikariat på 4% fram til 31.07.25.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for drift av ungdomsklubben
- Planlegging og gjennomføring av klubbaktivitetar
- Arbeide for å skape trivsel og eit godt, trygt og sosialt miljø på klubben
- Medverkingsarbeid
- Ta del i møter/personalmøte
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evnar å skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- Evnar å utvikle klubben sitt tilbod saman med andre tilsette og ungdomane
- Har god samarbeidsevne
- Utstrålar glede og tryggheit
- Evnar å arbeide sjølvstendig, og er pliktoppfyllande og påliteleg
Vi tilbyr
- Eit godt og kreativt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Øystein Skattebu, Kulturskulerektor og avdelingsleiar ung kultur, +47 41222840Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4893130119
Stillingsprosent: 16%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Kontor og administrasjon, Prosjektledelse
- FINN-kode
- 383834422
- Sist endret
- 09. des. 2024 07:15