Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver
Felles eining for operative tenester - Seksjon for operativ styring, Møre og Rom
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du vår nye politibetjent/operatør ved operasjonssentralen/sentralbordet? 

Vi har ledig to faste stillingar og vikariat som politibetjent 3/2/1 ved operasjonssentralen/sentralbordet. Vikariatet varar til og med 01.01.26 med mulighet for forlengelse. Det kan bli fleire vikariat med ulik varigheit.

Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.

Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile distriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/ operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løysing av hendingsstyrte og planlagte oppdrag. Det er eit hektisk arbeidsmiljø der du må handtere fleire saker samtidig. Derfor treng vi deg som er initiativrik, som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og høg stresstoleranse.

Sentralbordet er ein viktig funksjon i kontakt med publikum. Sentralbordet mottek og ekspederer telefonnummer til 02800 og politidistriktets hovednummer. For at sentralbordet skal yte effektivt og god service må funksjonen samarbeide godt med andre funksjoner i distriktet, særleg med tankte på å halde oversikt over ulike fagfelt, tilgjengeleg mannskap og dei ulike funksjonenes opningstider.

Operasjonssentralen/sentralbordet er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110 – sentralen i Møre og Romsdal. Seksjon er for inndelt i tre avsnitt som alle er leia av einavsnittsleiar. Seksjonen består av mange erfarne leiarar. Blant operatørene er det ei god aldersspreiing. Ein utførar teneste i tredelt turnus, med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.


Arbeidsoppgåver

  • Handtering av 02800 anrop og hovednummer til politidistriktet ved både sentralbordet og operasjonssentralen.
  • Handtering av operative meldingar og naudmeldingar frå heile distriktet
  • Planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
  • Utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO
  • Sørge for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar.
  • Bidra til å sette i verk straksetterforsking
  • Involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
  • Kan påleggast andre oppgåvar

Kvalifikasjonar

  Nødvendig:

  • Fullført og bestått Politihøgskule/politiskule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå
    https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
  • Erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • Må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg     

  Ønska

  • Erfaring frå operasjonssentral

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Høg stresstoleranse
  • Initiativrik
  • Endringsvillig

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 524 700 - kr. 604 900
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 460 600 - kr. 487 800
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 432 800 - kr. 472 900
  • Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Erik Steen Mikalsen, Seksjonsleiar, 70118700

Arbeidsstad

Nedre Strandgate

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4852834800

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Nedre Strandgate, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Saksbehandler
FINN-kode
383846440
Sist endret
09. des. 2024 07:20