Dagleg leiar - Rygjatun Eigedom AS
- Arbeidsgiver
- Rygjatun Eigedom As
- Stillingstittel
- Daglig leder
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Rygjatun Eigedom AS,
Ein stad for vekst, utviklig og livslang læring!
Rygjatun Eigedom AS søkjer etter ein engasjert og dyktig dagleg leiar i inntil 100% stilling, medrekna daglege arbeidsoppgåver og vaktordning. Har du ei sterk interesse for leiing og utvikling, samt eit hjarte for ungdom? Då kan dette vere jobben for deg!
Me ser etter akkurat deg med gode administrative og organisatoriske evner. Du trivst med å effektivisere rutinar og prosessar, og du evnar å motivere, samarbeide og få det beste ut av medarbeidarane dine. Me ynskjer oss en leiar som del vår visjon, og er engasjert i å skape eit positivt arbeidsmiljø, samt bidra til vekst og utvikling. Dersom du er klar for å ta på deg denne spennande utfordringa, oppmodar me deg til å søkje!
Dine oppgåver vil inkludere:
- Leie selskapet i samsvar med strategiplan, vedtekne planar og budsjett.
- Sikre god og stabil drift gjennom sal av kost og losji til elevar ved Toppvolley Norge (TVN), samt tilleggsaktivitetar.
- Utvikle eit heilskapleg tilbod til grupper innan idrett, arrangement og folkehelse i samarbeid med andre aktørar på Eide.
- Personalansvar for dei tilsette.
- Sørge for at styret får framlagt saker som av prinsipielle, økonomiske eller andre grunnar bør informerast om.
- Ha ei tett samarbeid med skulen for å skape eit godt og inkluderande internat- og skulemiljø.
- Dagleg leiar rapporterer til styreleiar og er underlagt styret.
-
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast i samband med større arrangement og andre hendingar.
Me ser etter ein leiar som:
- Er strukturert, engasjert, fleksibel og handlekraftig.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg, og har god kjennskap til engelsk.
- Har god datakunnskap.
- Har god kjennskap til økonomi, rekneskap og budsjett.
- Er flink til å skapa resultat saman med dei tilsette.
- Kan byggje gode relasjonar med ungdom og samtidig setje tydelege grenser.
Eigna personlege kvalifikasjonar er avgjerande for kven som vert tilsett. Relevant erfaring vil og telje med.
Den som vert tilsett må ha godkjent politiattest.
Me tilbyr:
- Ei spennande og variert stilling i eit engasjerande og inkluderande miljø.
- Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom samarbeid med dyktige medarbeidarar og aktørar.
- Bli ein del av eit dynamisk team som brenn for å skapa eit trygt og stimulerande miljø for ungdom.
- Lønn og pensjon etter avtale, med gode vilkår.
- Ein arbeidsplass der du får påverke drifta og utviklinga av internatet og aktivitetane ved Rygjatun.
- Eit nært samarbeid med skulen og andre aktørar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevar og grupper.
- Ein kultur for samarbeid og initiativ der dine idear og innspel vert verdsett.
Søknad:
Me ser fram til å motta din søknad og CV, samt høyre korleis du kan bidra til utviklinga av Rygjatun Eigedom AS.
Send søknad med CV til post@rygjatun.no
Tilsetting frå 1.mars 2025 eller etter avtale
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med styreleiar Torkel Myklebust på tlf 41447800, eller:
- Sektor
- Privat
- Sted
- Rygjatunvegen 22, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Ledelse
- FINN-kode
- 383859855
- Sist endret
- 06. des. 2024 04:53