100 % stilling som vernepleiar i Tilrettelagte tenester
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- 100 % stilling som vernepleiar i Tilrettelagte tenester
- Frist
- 02.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Kommunen er med i KS-prosjektet TØRN, der du vil få moglegheit til å vere med og forme din eigen arbeidskvardag. Fagadministrativ tid er implementert i turnus.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Systematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
- Delta i aktuelle brukerretta møter
- Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
- Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt
- Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper
- Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar
- Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
- Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak
- Utarbeide og evaluere rutiner
- Medisinhandtering
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning og autorisasjon som vernepleiar
- Andre med relevant 3-årig helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid kan og søke
- Studentar er velkomne til å søke
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode kunnskapar om systematisk målretta miljøterapeutisk arbeid
- Du må ha førarkort for bil
- Godkjent politiattest må leggjast fram før du startar
Personlege eigenskapar
- Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus. Du må gjerne vere ein pådrivar for faglege diskusjoner og etisk refleksjon
- Evne til å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert
- Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner
- Ha engasjement for målgruppa og like ansvar
- Vi legg vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
- Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette som er motiverte for endring.
- Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll.
- Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- God pensjonsordning
- Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning
Kontaktinformasjon
Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4888405241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 383873705
- Sist endret
- 09. des. 2024 11:14
Mer som dette
Holmestrand
Psykolog eller sykepleier med videreutdanning
Holmestrand kommune, Barne- og familiesenteret