Assistent til fast helgestilling alderspsykiatri
- Arbeidsgiver
- Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse B
- Stillingstittel
- Assistent til fast helgestilling alderspsykiatri
- Frist
- 24.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjonen er organisert under avdeling psykosomatisk medisin.
Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.
Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.
Seksjonen har frå Januar 2025 ledig to 15% og tre 21% faste stillingar for pleieassistent med arbeid pt. i todelt turnus kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
- Psykiatrisk og somatisk ppfølging av pasientar i tråd med eksisterande behandlingsplanar
- Legge til rette for aktivitetar og delta i desse saman med pasientane
- Praktiske oppgåver knytta til dagleg drift
Kvalifikasjonar
- Student i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi, medisin eller andre helsefagutdanningar er eit minimumskrav. Sjukepleiarstudentar blir oppmoda om å søke.
- Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan geriatri/psykiatri er ein fordel
- Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- God IKT-kompetanse
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort
- Søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense
- Arbeider strukturert, men har samstundes evne til å vere fleksibel
Vi tilbyr
- Eit inkluderande, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
- Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk)
- Moglegheit for oppbygging av unik erfaringskompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cathrine Stue Børhaug, Seksjonsleiar, 45246187, cathrine.stue.borhaug@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4894565244
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 24.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 384308335
- Sist endret
- 09. des. 2024 04:43