Tilkallingsvikar- barnehageassistent

Arbeidsgiver
Bemanningssenteret, Helse Bergen
Stillingstittel
Tilkallingsvikar barnehageassistent
Frist
29.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bemanningssenteret i Helse Bergen søker tilkallingsvikarar til dei 4 personalbarnehagane
våre. Barnehagane legg vekt på å gje barna ein kvardag kor læring skjer
gjennom utforsking, leik og glede i godt samspel med barn og vaksne.

Vi søker deg som har erfaring med jobb i barnehage og gjerne er i eit utdanningsløp til barne- og ungdomsarbeider eller barnehagepedagog.

Vedkomande som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med enkeltbarn og grupper av barn
  • Støtte barna i leik og venskap
  • Ta del i felles arbeids- og ansvarsoppgåver på avdelinga og i barnehagen
  • Delta aktivt i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet
  • Dagleg foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
  • Erfaring frå arbeid med små barn
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande IKT kompetanse
  • Må ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Syner interesse og engasjement i arbeid med barn
  • Viser respekt for barna og har evne til å sjå det einskilde barnet sitt behov
  • Er leiken, nysgjerrig og utforskande i lag med barna
  • Evner å ta ansvar og har oversikt over barnegruppa
  • Respektfull og raus i arbeidet med barn, kollegaer og føresette
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Flotte barn og engasjerte foreldre
  • Triveleg arbeidsmiljø med imøtekommande medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst 

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4875473968

Stillingsprosent: 0%

Anna

Søknadsfrist: 29.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
384309742
Sist endret
09. des. 2024 04:48