100% avdelingsleiar ved Røldal PLOMS
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledig fast stilling som Avdleingsleiar/Fagsjukepleiar ved Røldal PLOMS – stillingsstorleik 100 %
Arbeidsstad: Røldal PLOMS
Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg.
Info om stillinga
Som avdelingsleiar/Fagsjukepleiar ved Røldal PLOMS får du ansvar for både heimebaserte tenester og avdelinga for utviklingshemma på Bufellesskapet i Røldal. Rolla inneber både dagleg leiaransvar for drifta og fagleg ansvar som fagsjukepleiar. Du vil ha eit nært samarbeid med verksemdsleiar, som er din næraste leiar, og du rapporterer direkte til. Som avdelingsleiar/Fagsjukepleiar vil du også ha ansvar for personalleiing, koordinering av ressursar, og sikre at tilsette følgjer prosedyrar og kvalitetsstandardar i tenesteytinga.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Leie og koordinere den daglege drifta av heimebaserte tenester og bufellesskap for utviklingshemma.
- Ansvar for handtering av avvik og sørgje for at avvik vert rapportert og følgt opp korrekt.
- Sikre fagleg oppfølging og rettleiing av dei tilsette, med spesielt ansvar som fagsjukepleiar.
- Administrativt ansvar for turnusplanlegging, ressursbruk og bemanning.
- Ansvar for å oppretthalde kontakt med lege og koordinere medisinsk oppfølging av pasientar.
- Oppfølging av kvalitetsarbeid, internkontroll og rapportering av avvik.
- Samarbeide tett med verksemdsleiar og delta i utviklingsarbeid.
- Arbeidstid måndag til fredag, 37,5 timar per veke.
- Sørgje for godt arbeidsmiljø og tilrettelegge for kompetanseheving blant tilsette.
- Vikarierer for verksemdsleiar når verksemdsleiar ikkje er tilgjengeleg i si teneste.
- Utføre sjukepleieoppgåver i drift når naudsynt, for å sikre forsvarleg pasientbehandling og driftsstabilitet.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav.
- Flytande norsk, både munnleg og skriftleg.
- Leiarerfaring eller anna relevant erfaring frå helsesektoren er ein fordel.
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til relevante journalsystem, som Profil.
- Førarkort klasse B.
- Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å leie eit tverrfagleg team.
- Strukturert, målretta og ansvarsfull i arbeidsoppgåvene.
- God evne til å arbeide under press og i stressande situasjonar.
- Stor evne til å arbeide utifrå prioriteringar og ta avgjersler raskt.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert miljø.
- Lønn etter hovudtariffavtalen.
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- 3 månader møblert leilegheit for kandidatar som ikkje er busett i Ullensvang kommune.
Krav
Politiattest i samsvar med gjeldande lovkrav.
Førarkort klasse B.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5760 Røldal
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 384328928
- Sist endret
- 09. des. 2024 05:03