60% stilling som pedagogisk leiar i Røldal barnehage
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Røldal barnehage
- Frist
- 29.12.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
60% fast stilling som pedagogisk leiar i Røldal barnehage
Det er ledig 60% fast stilling som pedagogisk leiar i Røldal barnehage frå 01.02.25. Andre med interesse for arbeidet med barn kan også søkja.
Røldal barnehage er lokalisert til sentrum av fjellbygda Røldal. Barnehagen har 15 barn i alderen 1-6 år. Der dei per no er fordelt i stor og lita gruppe. Barnehagen ligg i kjellaren til Røldal Grendahus og fekk våren 2024 ei betydelig oppgradering. Alle vegger er måla, golv er nylagt, nytt kjøkken og fleire av romma er blitt lettare og opnare.
Røldal er kjent for sine flotte fjell, vakre natur og store snømengder. Oppvekstsenteret har tett nærleik til flotte skogar, fjell og turområder. Nærområdet vert mykje brukt til turar og leik.
Me ynskjer oss ein barnehagelærar som er engasjert på barnas vegne. Du likar å samarbeida med andre på tvers og jobba systematisk. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikla deg fagleg. I tillegg er du digitalt kompetent og oppdatert, og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø sosialt.
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar har du ansvar for
● barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna. Visa omsorg for det einskildte barn og barnegruppa. Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna.
● å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk. Gje pedagogisk rettleiing på avdeling
● å medverka til eit godt arbeidsmiljø og jobba for å fremja eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
● å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid og jobba aktivt med å sikra barnas rett til medverknad
● å vurdera avdelingen sine samla ressurser; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar. Å vera ein god rollemodell, som gjer og mottar rettleiing og tilbakemeldingar
● at barn med spesielle behov vert integrerert i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet . Ha tverrfagleg samarbeid med ulike instansar
● å halda deg fagleg oppdatert og dela kunnskap med profesjonsmiljøet i barnehagen. Å delta aktivt i barnehagens leiarteam for å vidareutvikla barnehagen.
Kvalifikasjonskrav:
● Utdanning: Barnehagelærarutdanning, andre søkjarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet
● Erfaring er ynskjeleg
● Evna til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
● Digitale kunnskaper
● Personlege eigenskapar - og interesse for faget vert sterkt vektlagt
● Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i forståing, lytteforståing og muntlig kommunikasjon
● Krav om politiattest. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltredning, jf. Lov om barnehager §30
● Godkjent tuberkulinstatus
Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver i eitt travelt, men kjekt arbeidsmiljø
● Spennande arbeid
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Rullering på faste vakter i turnus og pedagogisk plantid i arbeidstida
Me ser fram til å høyra frå deg.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast
vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Privat
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 384443067
- Sist endret
- 10. des. 2024 09:45