Helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Heimeteneste, Sande kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Heimetenesta i Sande har ledige stilling som helsefagarbeidar frå 01.01.2025. Eininga har ansvar for tenester til heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar. Arbeidet blir retta mot dei pasientane som til ei kvar tid mottek tenester. Stillinga har for tida to-delt turnus med arbeid to arbeidshelgar på seks veker.
Arbeidsoppgåver
- pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande og til bebuarar i omsorgsbustadane
- pleie og omsorg til brukarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk, kommunale retningsliner og fagleg god praksis
- medverke til aktivitet og trivsel for pasientar og brukarar
- ta del i arbeidet inn mot Livsglede for eldre (omsorgsbustadane er sertifisert som Livsgledeheim)
- dokumentere i fagprogram etter gjeldande lover og retningslinjer
- ta initiativ og hjelpe til med utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle målsetjingar for pasientane
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- snakke og skrive godt norsk, eller anna skandinavisk språk
- førarkort klasse B
- erfaringar frå tilsvarande jobb vert lagt vekt på
- lærlingar som er på slutten av læretida vert oppmoda om å søkje
- det må leggast fram tilfredstillande politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar
- evne og lyst til å skape gode relasjonar til brukarar, pårørande og medarbeidarar
- god samarbeids- og kommunikasjonsevne og lyst til å skape godt arbeidsmiljø
- må kunne arbeide sjølvstendig, effektivt og ta ansvar - både åleine og i team
- ansvarsbevisst og løysingsorientert
- motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- gode datakunnskapar
- personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Vi tilbyr
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver
- faglege utfordringar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- fleksible turnusar
- løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtale, lover og reglement
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi bed om at referansar vert gitt opp i søknaden.
Kontaktinformasjon
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965Arbeidsstad
Presegardsvegen 316084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4876944007
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Presegardsvegen 31, 6084 Larsnes
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 384446545
- Sist endret
- 10. des. 2024 09:25