Inaktiv

Lege i spesialisering innan psykiatri

Arbeidsgiver
LIS og turnuslegar psykiatri Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan psykiatri
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ledig fast utdanningsstilling i psykiatri frå 01.04.25. Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast ved tilsetting. 

Molde sjukehus har 8 ulike seksjonar som saman dekker alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.

Hausten 2024 flytta sjukehuspsykiatrien inn i nytt bygg ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset, og våren 2025 flyttar resten av somatikken også inn. Oppstartseksjon for stillingen vert avtalt med søkjar. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
  • Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
  • Gjere vurderingar i samarbeid med psykiater knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling
  • Deltaking i vaktordning
  • Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert 
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

 

Byen vår!

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje
minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde ogRomsdalen her

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4892695886

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.04.2025

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Psykiater
FINN-kode
384448860
Sist endret
03. mars 2025 11:09