Førsteamanuensis i fleirfasestrøm og transportprosessar i porøse medier i undergrunnen

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis i fleirfasestrøm og transportprosessar i porøse medier i undergrunnen
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i fleirfasestrøm og transportprosessar i porøse medier i undergrunnen

Det er ledig stilling som førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi innan fleirfasestrøyming og transportprosessar i undergrunnen med relevans for karbonfangst, -utnytting og -lagring (CCUS).

Om instituttet
Institutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for Senter for Forskningsdrevet Innovasjon «Smart Ocean». Instituttet speler også ei sentral rolle i UiB sine siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi. 


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den faste stillinga som førsteamanuensis vil vere knytt til forskingsgruppa for reservoarfysikk. Gruppa arbeider med grunnleggjande, anvendt og innovativ forsking som omfattar fleirfasestrøyming i porøse medium, lågutsleppsteknologi innan olje/gass, CO2-lagring og  hydrogenlagring. Den noverande forskingsstrategien og ekspertisen i forskargruppa inkluderer avanserte laboratorieundersøkingar (poreskala til meterskala), reservoarsimulering, og dessutan utforming av feltpilotar for å demonstrere innovative lågutsleppsteknologiar. 

Institutt for fysikk og teknologi søkjer ein kandidat til ei fast vitskapleg stilling for å oppretthalde ekspertisen innan CCUS-forsking knytt til undergrunnen i forskingsgruppa, og for å styrkje og utvide relevant og tidsaktuell undervisning og utdanning knytt til energiomstilling. Kandidaten bør ha gode praktiske, pedagogiske og personlege ferdigheiter for å fremje eit samarbeidsorientert utdannings- og forskingsmiljø ved instituttet. 


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan fysikk, geologi/geofag, anvendt matematikk eller teknologi med spesialisering innan væskestrøyming- og transportprosessar i porøse medier og i undergrunnen. 
  • Det er eit krav at søkjarar har ei publikasjonsliste på eit høgt internasjonalt nivå med fokus på undergrunnsrelaterte emne som CCUS og fleirfaseflyt i porøse medium.
  • Det er ein fordel om søkjarar har vitskapleg ekspertise som komplementerer den noverande laboratorieekspertisen i forskingsgruppa, som modellering og simulering av statiske og dynamiske eigenskapar til undergrunnssystem på fleire ulike skalaer.
  • Ei sterk og allsidig merittliste som syner tverrfagleg forskingssamarbeid og som står i forhold til karrierestadiet til søkjaren, er ein fordel. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingsteam både som leiar og deltakar. 
  • Søkjaren som får stillinga er forventa å bidra i eksternt finansierte forskingsaktivitetar og bør dokumentere evne til å skaffe ekstern forskingsfinansiering. 
  • Erfaring frå undervisning (bachelor- og mastergradsnivå) og rettleiing av studentar (bachelor-, master- og doktorgradsnivå) er ein fordel. 
  • Søkjarar må ha framifrå ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Erfaring med forsking, ambisjonar og potensial vil også telje ved evalueringa av kandidatane. 

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av 

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til  utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 720 100,- til kr 895 500,- (svarar til lønssteg 72–81). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: Opprykk til professor | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB


Søknaden skal innehalde:
  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei skildring på ei side av ein forskingsidé/-tilnærming, som helst viser søkaren si komplementære ekspertise til den noverande laboratorieekspertisa i forskingsgruppa 
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Kjetil Ullaland Institutt for fysikk og teknologi, e-post kjetil.ullaland@uib.no  / tlf. 55 58 28 71. 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes e-post: Thea.Thingnes@uib.no 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk, Ingeniør
FINN-kode
384480135
Sist endret
10. des. 2024 01:15