Helse og omsorg søker

Arbeidsgiver
Aukra kommune Institusjonstenester
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % natt
Frist
09.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ønsker nye medarbeidara til Aukra! Likar du nattarbeid, og er komfortabel med fagleg ansvar, kan dette vere jobben for deg. Du vil ha base på Aukra Omsorgssenter og arbeide i mindre team

Vi kan tilby fleksible turnusordningar der du sjølv er med på å utforme eiga turnuslinje ilag med dine næraste medarbeidarar og avdelingsleiar.

Om Aukra

Aukra kommune har ca 3700 innbyggarar fordelt mellom øya Gossen og fastlandet Julsundet. Kommunen ligg i havgapet, og det er ca 25 minutt til næraste by, som er Molde. Kulturlivet i regionen er variert, og det er moglegheit for variert friluftsliv. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar, omsorgssenter og kulturhus med svømmebasseng, bibliotek, kafe og kino. Andre fritidstilbod som finns er til dømes treningssenter, motorsportklubb, kulturskuletilbod, idrettslag, og naturstiar.

Om stillinga

Som sjukepleiar på natt  vil du ha fagleg ansvar for pasientar på sjukeheim, heildøgns omsorgsbustader og innbyggarar som får teneste frå heimesjukepleie. I tillegg har du det faglege ansvaret for legevaktsatelitt (videolegevakt), der du samarbeider med legevakt i Molde. Du arbeider i et mindre team på 4 tilsette på natt. Kommunen kjøper teneste på natt  til oppfølging av innbyggarar på fastlandet Vi søkjer deg som er autorisert sjukepleiar. Det er ein fordel med vidareutdanning/ erfaring frå klinisk arbeid.  

Andre kvalifikasjonar
• Minimum bachelorutdanning med autorisasjon
• Digital kompetanse
• Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg
• Du har interesse for velferdsteknologi i omsorgsarbeid
• Førarkort klasse B 

Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette
• Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene
• Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utfordrande kliniske arbeidsoppgåver
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Ekstra nattillegg, stabilitetstillegg og startlønn på minimum 8 års ansiennitet etter HTV

*Ei eining med fokus på innovative løysningar og bruk av velferdsteknologi
• Nye og fine arbeidslokaler
• Moglegheiter for personleg utvikling
• Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunens sitt utdanningsfond/kompetanseplan
* Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Kompetanseheving

Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør i Kompetanseplan 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

 

 

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Falkhytten, 6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
384481313
Sist endret
10. des. 2024 01:22