Bioingeniør, svangerskapsvikariat med moglegheit for fast tilsetjing
- Arbeidsgiver
- LMBB, seksjon Lærdal Sjukehus, Helse Førde
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Frist
- 20.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Laboratoriet ved Lærdal sjukehus søkjer etter bioingeniør i 100% vaktgåande stilling. Dette er i fyrste omgang eit vikariat, men stillinga vil etterkvart bli fast.
Vi søkjer etter deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier. Instrumentparken er moderne med mellom anna Sysmex XR1000 og 450, Alinity frå Abbott, StarMax og ABL frå Triolab. Det er eit godt fagleg miljø med tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde HF.
Ved tilsetjing blir det gitt grundig opplæring innan alle desse fagfelta då stillinga inngår i full vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid omlag kvar 4.helg. Det er mogeleg med tilpassa turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for 1/2 år i gangen. Tiltreding 1.mars eller etter avtale.
Velkomen til Lærdal og Indre Sogn!
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo
(4,5 time) og Bergen (3 timar). Å flytte til ein plass som Lærdal er ikkje mindre enn eit eventyr, med fjella, elva, fjorden og eit pitoresk landsbymiljø. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg
på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar,
og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei
pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster
som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading
med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor,
korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid
blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim
festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar.
Lærdal sjukehus har nyoppussa leilegheiter å tilby til utleige.
Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal (youtube.com): https://youtu.be/RARN3hAupco
Arbeidsoppgåver
- Laboratoriearbeid etter godkjente prosedyrer
- Rullering innanfor klinisk kjemi, hematologi, koagulasjon, urinar, pasientnært utstyr, transfusjonsmedisin, blodprøvetaking.
- Turnus, med arbeid omlag kvar 4.helg
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4894764639
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 20.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Bioingeniør, Annet
- FINN-kode
- 384496741
- Sist endret
- 16. des. 2024 11:14