ID 2262 Sjukeheimslege - Stord sjukeheim / Knutsaåsen omsorgssenter

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sjukeheimslege
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100% stilling som sjukeheimslege ved Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter.

Me søkjer deg som har interesse og erfaring innan fagområde geriatri. Legar i spesialisering er også velkomne til å søkja. Sjukeheimslegen jobbar i team med andre sjukeheimslegar og har ansvar for pasientar i både kort- og langtidsavdelingar.

Stillinga er for tida delt mellom Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheim

  • Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell i tenesta - medisinskfagleg rådgjevar for sjukeheimstenesta

  • Tverrfagleg samarbeid. Samhandling med sjukehus, fastlegar og andre faggrupper

  • Bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid i sjukeheimstenest

  • Delta i fagutvikling og væra pådrivar for kvalitetsutvikling i tenesta, herunder forsvarleg medisinering.

  • Vegleiing, undervisning og informasjon til pasientar, pårørande og kollegaer samt pårørandesamtalar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege

  • Lege med gjennomført LIS1. Lege med lisens som har interesse og erfaring frå fagfeltet kan bli vurdert

  • God norsk muntleg og skriftleg fremstillingsevn

  • Det må leggjast fram godkjent politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar

  • Kjennskap og interesse for fagområdet

  • Evne til å setje seg inn ulike pasientgrupper som bur på sjukeheim

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Me legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid og relasjonskompetanse.

  • Lojalitet i avgjerdsprosessar vert forventa.

  • God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig

Me tilbyr

  • Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.

  • Løns- og arbeidsvilkår etter avtale.

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsettingstidspunkt etter avtale.

For nærare opplysningar, kontakt kommunalsjef Anne Karin Fossdal, på e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommmune.no , telefon 907 62 789

Eller aktuelle einingsleiarar:

Stord sjukeheim: Britt Nelly Hystad Barane på e-post: Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no, telefon 924 86 358

Knutsaåsen omsorgssenter: Kristin Steinsland på e-post Kristin.Steinsland@stord.kommune.no, telefon 416 94 266

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Lege
FINN-kode
384572351
Sist endret
11. des. 2024 08:04