Ferievikarar - Fusa bu og behandlingssenter
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Frist
- 16.06.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Kan eit ferievikariat ved Fusa bu- og behandlingssenter vera det rette for deg i sommar?
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i veke 25 – 33. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her er ein gyllen moglegheit for å skaffa deg spanande praksis.
Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Du treng ikkje ha erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss - og du treng heller ikkje ha planar om å ta utdanning innan dette feltet. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er det viktigaste for oss, og du vil få opplæring
Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane ved FBBS som er:
- Miljø avdelinga
- Korttids- og rehabililteringsavdelinga
- Bu avdelingar
- Reinhald og vaskeri
- Kjøkken
Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Skriv også kva periode du kan arbeida og kva stillingsstorleik du ynskjer.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i ein samanhengande periode om sommaren. Dersom du er den rette, kan me gjere tilpassingar.
Tilsetjing vert gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast!
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, studentar innan helsefag og pleiemedarbeidarar. Samt studentar inn kokk og servitør til kjøkken og måltidsarbeid.
Søkjarar med anna erfaring vil også bli vurderte.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig
- Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar - med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 384572885
- Sist endret
- 11. des. 2024 08:09