Jordmor
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Suldal legekontor
- Stillingstittel
- Jordmor
- Frist
- 10.01.2025
Beskrivelse
Jordmor
Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene
Suldal kommune har ledig 33 % fast stilling som jordmor. Stillinga er organisert som ein del av eining helse, avdeling helsestasjon. Som jordmor vil ein være ein del av eit interkommunalt vaktsamarbeid med Sauda og Helse Fonna. Me har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø og kan tilby gode arbeids- og lønsforhold. Helse har mykje tverrfagleg samarbeid med heimesjukepleie, sjukeheimen, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer etter jordmor som inngår i vakt, avtale om følgjeteneste mellom Helse Fonna og Suldal og Sauda kommune. Det er krav om etterutdanning som jordmor. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Oppgåver:
- Følgjeteneste
- Fødselshjelp
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Som søkjar må du:
- vera løysingsorientert
- ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- kjennskap til norsk helsevesen
- kjennskap til kommunalt tenestetilbod
- Norsk autorisasjon som jordmor
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne å arbeida i team og sjølvstendig, samt vera strukturert
- evne å bidra til gode føresetnadar for kompetanseoverføring til andre tilsette i kommunen
Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.
Me behandlar søknader fortløpande.
Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning.
Kort om arbeidsgjevar
For å løysa og utvikla oppgåvene til kommunen vår, treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplev at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og er ein del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.
I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.
Søkjar må ha førarkort klasse B.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Kontaktperson
Adriaan van Ruiven (einingsleiar), mobil: 45422697, adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidsvegen 3, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 384608553
- Sist endret
- 13. des. 2024 12:30