Tilkallingsvikarar ved Vigra barnehage og Giske barnehage
- Arbeidsgiver
- Barnehagane, Giske kommune
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarar ved Vigra barnehage og Giske barnehage
- Frist
- 13.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vigra barnehage og Giske barnehage søkjer tilkallingsvikarar frå snarast. Vi vil gjerne ha vikarar som kan arbeide ved begge barnehagane, men dei som vil arbeide berre ved ein av barnehagane er også velkomne som søkjarar. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg.
Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
Vikarbehovet kan variere frå enkelt-dagar til lengre periodar. Ved å arbeide som vikar har du moglegheit til å bli kjent med barn og vaksne på alle avdelingane. Du vil erfare at det å jobbe i barnehagen er meiningsfylt, spennande og utfordrande, der ingen dag er lik.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre er også velkomne til å søkje.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknade arbeid.
- Må kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit.
- Evne til å møte barnet der det er.
- Vilje og evne til fleksibilitet, løysingsviklje og til å ha barn sitt beste i fokus.
- Gode samarbeidsevner med barn og vaksne.
- Kunne ta imot rettleiing og råd.
- Evne til å vise initiativ og til å spørje etter hjelp/rettleiing når ein er usikker.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Sonja Roaldsand Skodje, einingsleiar, +47 41702315Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, 91313027
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4894096138
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Valderhaug 4, 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
- FINN-kode
- 384614544
- Sist endret
- 11. des. 2024 02:17