Assisterande styrar/ Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune
Stillingstittel
Assisterande styrar/ Barnehagelærar
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Valle og Hylestad barnehagar søkjer ein engasjert og strukturert assisterande styrar i ei 100 % stilling!

Her får du ein variert arbeidskvardag med 50 % arbeid på avdeling og 50 % administrativt arbeid. Barnehagen i Valle er delt i to einingar. Valle barnehage er ein barnehage med tre avdelinger med totalt 39 barn. Hylestad barnehage har to avdelingar og 31 barn.

Som assisterande styrar vil du ha ein viktig rolle både i den daglege administrative drifta og arbeidet på avdelingane. I den administrative delen av stillinga vil du samarbeide tett med styrar om oppgåver som bemanningsplanlegging, økonomistyring og rapportering. Du vil vere ein ressurs for personalet ved å gi praktisk støtte og bidra til god intern kommunikasjon. Som ein del av leiarteamet vil du også ha ansvar for å bidra til vidareutvikling av barnehagen.

På avdeling vil du vere med på å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barna. Du vil bidra til pedagogisk planlegging og gjennomføring saman med dyktige kollegaer, og vere ein trygg vaksen som støttar barna i leik, læring og utvikling. 

Me ser etter ein person som ser moglegheiter og tek iniativ til å gjere Valle og Hylestad barnehagar endå betre for barn, foreldre og tilsette.

 


Arbeidsoppgåver

  • Delta i pedagogisk arbeid ved eingane i samarbeid med det øvrige personalet 
  • Bidra til fag- og organisasjonsutvikling
  • Stadfortredar ved fråvær av styrar 
  • Delta i personal- og hms-arbeid ved eininga
  • Vere ei rettleiande og fagleg støtte for personalet 
  • Vere ein del av grunnbemanninga i barnehagen 
  • Bidra til strategisk og analytisk drift av barnehagane 
  • Delta i arbeid med organisasjonskultur

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage
  • Fordel med erfaring som styrar eller pedagogisk leiar
  • Fordel med nasjonal styrarutdanning
  • Fordel med studiepoeng innanfor veiledning
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein kandidat som 

  • Har interesse for leiing og barnehagefaget 
  • Er robust og har stor arbeidskapasitet 
  • Har interesse for utvikling og barnas beste
  • Er villig til å gjennomføre utdanning innanfor leiing 
  • Er strukturert og evner å ha eit større perspektiv 
  • Trivast med å arbeide sjølvstendig og i team 
  • Trivast med nye utfordringar 

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk 100%
  • Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Gratis barnehage
  • Ei triveleg bygd å bu i
  • Løn etter avtale

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

    Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
     
    Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Kontaktinformasjon

Torgeir Andreas Helle, Barnehagestyrar, 94284357, torgeir.andreas.helle@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Setesdalsvegen 3411

4748 Rysstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune


Referansenr.: 4894746634

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Setesdalsvegen 3411, 4748 Rysstad
Stillingsfunksjon
Ledelse, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
384626776
Sist endret
12. des. 2024 08:35