Vernepleiar/ sjukepleiar

Arbeidsgiver
Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Vernepleiar/ sjukepleiar
Frist
29.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst å prøve deg i ein kjekk og utfordrande jobb innan rusfeltet i spesialisthelsetenesta? Vi har den perfekte jobben til deg!

Vi har dyktige og erfarne medarbeidarar på sengeposten vår, men vi har behov for fleire gode kollegaer. Vi søkjer deg som trives med å jobbe på natt, arbeidar godt sjølvstendig, er positiv og vektlegg god kommunikasjon med pasientane. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og spennande team med høg fagleg kompetanse. 

Seksjonen vår er ein døgnseksjon i Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande.

Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med legale og illegale rusmiddel, ofte med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med følelsesregulering og traumelidningar. Vi har 15 sengeplassar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg sammensett og inkluderer legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning.

Seksjonen har det siste året implementert traumebehandling (narrativ eksponeringsterapi) og DBT (dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Vi har eit pågåande doktorgradsløp på dette. Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innbefattar gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptatt av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnere for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane. 

Nattevaktene er organisert i eit team med to tilsette på vakt, ei kvilande og ei aktiv. Teamet skal arbeide ved døgnseksjonen på natt, og er organisert med at den aktive vakta er vaktansvarleg. Stillinga inngår f.t. i turnus med arbeid kvar 3. helg.  


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver/ medikamenthandtering
  • Vaktansvarleg
  • Å vere tilstades og følge opp pasientar på natt

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
  • Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • God skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, ansvarsbevisst og positiv
  • Du jobbar sjølvstendig
  • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientane

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
  • Internundervisning, rettleiing, eigne fagdagar og personalseminar
  • Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Byen vår!

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.
Les meir om Molde ogRomsdalen her

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.no

Øyvind Dahl Indbjør, Teamkoordinator, Oyvind.Dahl.Indbjor@helse-mr.no

Arbeidssted

Glomstuvegen 50

6411 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4884035713

Stillingsprosent: 72%

Vikariat

Startdato: 01.01.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 29.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Glomstuvegen 50, 6411 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
384742723
Sist endret
12. des. 2024 01:25