Vil du bli vår nye overstyrmann?

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Husavik - Sandvikvåg, pt. MF Husavik
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som overstyrmann i sambandet Husavik - Sandvikvåg, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Husavik. 

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: Døgnvakt, 3 skift: 12 dagar på, og 9 dagar av.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges ledande ferjerederi!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • ECDIS kurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat hurtiggåande MOB
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av

Kontaktinformasjon

Viktoria Marie Hegna Grannes, Bemanningskoordinator, +47 94195253, viktoria.grannes@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv546

5396 Vestre Vinnesvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 4896241276

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.12.2024

Sektor
Privat
Sted
E39 13, 5419 Fitjar
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Sjøfart / Dekksoffiser
FINN-kode
384770316
Sist endret
12. des. 2024 05:01