Sjukepleiar natt

Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjo
Stillingstittel
Sjukepleiar natt
Frist
25.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kirurgisk Post 4 skal styrke teamet med ny nattevaktsstilling - 50-80% stilling med arbeid 3- kvar helg. Som nattevakt vil du jobbe saman med erfarne sjukepleiarar som alle jobbar 3-delt turnus.

Kirurgisk post 4 er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Sjukepleiarane tilhøyrer i utgangspunktet anten kar- eller plastikk-gruppa. Men, alle må kunne fungere på begge fagfelt, då behovet for personell på begge sider varierer. Vi har primærsjukepleie, samt ein teamleiar på kvar gruppe i vekedagar som har ansvar for legevisitt, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi også ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagt i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker.

Vanlege diagnosar og behandlingar vi utfører er;

Plastikk:
-  Handskader av ulike slag (sirkelsag, klemskade etc) blir operert og behandla med daglege sårskift og antibiotika
-  Malignt melanom; utredning og behandling. Sentinel node biopsy, axille- og bekkenglandeltoilette, utvida eksisjon av hudkreft
-  Brystkirurgi; rekonstruksjon av bryst etter brystkreft med DIEP-lapp eller protese
-  Diverse sårdefektar som krev kirurgisk dekning med til dømes muskellapp eller hudtransplantat
-  Brannskadar; nye skadar som ikkje krev intensivbehandling. Også sekvelekirurgi

Kar:
-  Trange blodårer i underekstremitetar; angiografi, kirurgisk fjerning av plakk i arteriar, bypassoperasjonar, amputasjonar
-  Aneurismer; abdominalt aorta aneurisme, arteria poplitea aneurisme. Opereres opent eller endovaskulært
-  Carotis stenosar
-  Sår som skuldast dårleg blodsirkulasjon
-  AV-fistlar hos dialysekrevande pasientar

Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jamlege sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg.   

Det er ønskeleg med snarleg oppstart dersom mogleg. 


Arbeidsoppgåver

  • Pre- og postoperativ sjukepleie
  • Rutinearbeid på natt som t.d. tillaging av medikament til neste døgn
  • Observasjonar gjennom natta
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring innanfor sjukehus/kirurgiske fag er ein fordel
  • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system (DIPS/MEONA) er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling gjennom faste fagdager planlagt i turnus
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Siri Erstad, Seksjonsleiar, 91752555

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4895174424

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 06.01.2025

Søknadsfrist: 25.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
384820813
Sist endret
13. des. 2024 06:19