Miljøterapeut  

Arbeidsgiver
Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som Miljøterapeut. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustadar 1. Hovudkontoret ligg i Brattvåggata 19.

Turnus for stillinga er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Haram bustadar yter i hovudsak tenester til menneske med diagnosa psykisk utviklingshemming. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø i våre avdelingar. Butenesta har fokus på å yte gode tenester til tenestemottakarane, fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.

Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du være ein del av dette arbeidet. 

I 2025 skal vi vere med i prosjektet TØRN.

Stillinga er ledig frå 3. mars -25, eller etter avtale.

Haram bustader er delt inn i to avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustadar og dagsenter. Haram bustadar 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og barnebolig. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers, og har jevnlege felles miljøterapeutmøter. 
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Gruppeleder med primæransvar. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. 
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Viser initiativ og er kreativ. 
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og faglig utvikling.
  • Rom for å være kreativ
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.
  •  Avsatt tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla. 
  • Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam ilag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeiderar og assistentar. 

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Vesterheim 9

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4893498083

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 03.03.2025

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Vesterheim 9, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
384824768
Sist endret
13. des. 2024 07:20