Fagkokk to stillingar

Arbeidsgiver
Seksjon for kjøkken og kantine SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fagkokk to stillingar
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du jobbe i eit moderne kjøkkenmiljø og bidra til gode matopplevingar for pasientar og tilsette? Vi søkjer dyktige kokkar til vårt nye sjukehus på Hjelset!

Nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune. I mai 2024 flyttar produksjonskjøkkenet inn i det nye sjukehuset.
Vi produserer mat for pasientar og kantiner. Vi har høg grad av eigenproduksjon og tilbyr òg mat og drikke til møte og catering for ulike formål.

Produksjonsmetoden er kok-kjøl, og vi skal ha 1-2-3 som serveringsform på middagar. På avdelingskjøkkena skal vi ha matvertar. I tillegg vil vi ha produksjon for ein stor kafe og eigen kiosk som kjøkkenet skal drifte.

Vi har behov for å styrkje bemanninga vår og søkjer difor etter:

  • 2 vikariat i 100 % stilling frå snarast til 31.08.2025

Det er ein hektisk, men også veldig inspirerande arbeidsplass som du kan vere med på å utvikle framover. Har du lyst til å bli vår kollega og få den unike moglegheita til å jobbe på eit nytt kjøkken, er du hjarteleg velkomen som søkjar.

 

Vikariata vil frå starten av ha arbeidsplass ved Molde sjukehus og etter kvart på Hjelset.


Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat, inkludert diettar
  • Varemottak og mottakskontroll
  • Drift av kafe og avdelingskjøkken
  • Aktiv bruk av kjøkkenet sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine dataverktøy

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Relevant praksis og erfaring kan vurderast som erstatning for fagbrev
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har høg arbeidsmoral og er fleksibel
  • Du likar å arbeide i team
  • Evne til å takle utfordringar og vere initiativrik
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756, eli.nytun.sether@helse-mr.no

Arbeidsstad



6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4883586357

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
384833973
Sist endret
13. des. 2024 10:20