Sterilforsynings medarbeider
- Arbeidsgiver
- Sterilsentral SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sterilforsynings medarbeider
- Frist
- 27.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Bli med på laget som sikrar trygg pasientbehandling – vi søkjer ein ny medarbeidar til Sterilsentralen!
Er du ein nøye, kvalitetsbevisst og serviceinnstilt person som ønskjer ein jobb med stor betydning for pasientanes helse? No har du sjansen til å bli ein del av vårt dyktige team på Sterilsentralen!
Hos oss handlar kvar dag om å gjere ein forskjell. Sterilsentralen er hjartet i sjukehuset sitt smittevernarbeid. Vi er ei viktig støttefunksjon for helsepersonell og sørgjer for at kirurgiske instrument og medisinsk utstyr er sterile, funksjonelle og klare til bruk – noko som spelar ei avgjerande rolle for pasientsikkerheita.
Vi har ambisjonar om å bygge ein seksjon med høgt fagleg nivå, der vi arbeider i team og gjer kvarandre gode. Målet er å skape ei avdeling som står for tryggleik, respekt og kvalitet i alle ledd!
Sterilsentralen er ein egen seksjon organisert under AOI (Avdeling for anestesi, operasjon og intensiv). Våren 2025 skal sjukehusa i Molde og Kristiansund samlokaliserast til det nye, toppmoderne akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sidan 2017 har sterilsentralen gjennomført omfattande investeringar og oppgraderingar av teknisk utstyr og innført eit digitalt sporingssystem som oppfyller krava i forskrifta for medisinsk utstyr. Den nye sterilsentralen ved SNR på Hjelset er utstyrt med avansert, høgteknologisk medisinteknisk utstyr, som set ein ny standard for effektivitet og kvalitet.
Sterilsentralen har ansvar for håndtering, kvalitetssikret prosessering, lagring og transport av sterilt reprosessert medisinsk utstyr for pasientbehandling. Sterilforsyning er et viktig og eget område innen helsetjenesten. Dekontaminering, sterilisering og lagerføring av tilhørende utstyr er et viktig ledd i infeksjonsforebyggende arbeid og ivaretakelse av pasientsikkerheten.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Mottak, reinhald, desinfeksjon, kontroll, vedlikehald, kvalitetssikring, pakking og sterilisering av kirurgisk utstyr og instrument
- Demontering og montering av ureine og reine instrument frå operasjonsavdelinga
- Bruk av digitalt sporingssystem for fleirgongsutstyr til dokumentasjon
- Pakking og klargjering av prosedyrevogner til operasjon
- Reprosessering av fleksible skop
- Samarbeid med ulike avdelingar for å sikre levering til rett tid
- Bidra til orden og system i sterilsentralens lokale
- Lasting av vogner og utsending av sterilt gods til kliniske avdelingar
- Delta i kvalitetsarbeid som oppfølging av avvik og bidrag til forbetringar
- Rutinekontrollar av reinhaldsprosessen og steriliseringsprosessen
- Følgje opp krav til medisinteknisk utstyr, lokale og tekniske anlegg
- Tilleggsoppgåver innan IKT kan bli aktuelle
Seksjonen har eige opplæringsprogram med dokumentasjonsskjema for gjennomført eitt års opplæring.
Kvalifikasjonar
- Fagskuleutdanning innan sterilforsyning, helsefagleg utdanning, reinhaldsfag eller logistikkutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg opplæringa du treng!
- Ufaglærte med ønske om utdanning innan faget er òg velkomne til å søkje
- Generell god IT-kompetanse
- Arbeidet er til dels fysisk krevjande
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personleg eigenheit vil bli vektlagt.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, og spesielt menn vert oppmoda til å søkje for å fremje kjønnsbalanse.
Personlege eigenskapar
- Teknisk forståing er ein fordel
- Interesse for kvalitetssikring og smittevern
- Fleksibel, ansvarsfull og nøyaktig
- Evne til å samarbeide i team, men òg arbeide sjølvstendig
- Utviklingsorientert og endringsvillig
- Lojal til avgjerder og arbeidsprosedyrar
- Trivst i ein travel arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein jobb med meining – gleda av å vite at du gjer ein forskjell kvar dag!
- Grundig opplæring
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Moglegheit til å ta fagskule innan fagområdet etter avtale
- Inkluderande arbeidsliv (IA-bedrift)
Som ein del av sjukehuset sin beredskap skal sterilsentralen vere døgnbemanna. Stillinga er eit fast vikariat i 100 %, med moglegheit for fast tilsetjing, og inngår i ein tredelt turnus fordelt på dag, kveld, helg og heilagdagar. I opplæringstida vil arbeidet skje på dagtid.
Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er det nettopp deg vi ser etter?
Sterilsentralen – kvalitet i alle ledd, på lag med deg for helsa di!
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfald. Vi meiner dette er avgjerande for å løyse oppgåvene våre på best mogleg måte. Vi ønskjer at dette mangfaldet skal spegle seg blant søkjarane til stillingane våre, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkje!
Kontaktinformasjon
Ann-Veronica Bratlie, Seksjonsleiar, +47 45678689, ann-veronica.bratlie@helse-mr.noArbeidsstad
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4893653827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Annet
- FINN-kode
- 384854880
- Sist endret
- 13. des. 2024 02:24