Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Arbeidsgiver
- Voss sjukehus/ Kirurgisk avdeling, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Frist
- 27.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Voss Sjukehus, Kirurgisk Avdeling har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar.
Me ser etter deg som er klar for ein spennande og aktiv jobb, og som trivast med varierte og utfordrandre oppgåver.
Om avdelinga
I Kirurgisk avdeling har ein samla all aktivitet innan fagområdet for kirurgi, ortopedi og gynekologi for døgn-, dag- og poliklinikkpasientar. Kirurgisk avdeling vil handtere elektiv drift og øyeblikkeleg hjelp, i poliklinikk og på sengepost. Ved avdelinga er det tilsett sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiologar, sosionom og merkantilt personale.
Sengepost i kirurgisk avdeling er heildøgnspost med 25 senger innan fagområda gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Posten har elektiv drift med planlagde operasjonar kombinert med øyeblikkeleg hjelp innleggingar. I tillegg har ein open retur funksjon og kompetanse på smertelindring, kreftomsorg og palliasjon. Sengeposten er ein del av ei aktiv og tverrfagleg kirurgisk avdeling med stabilt personale, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Me har eit nært samarbeid med andre avdelingar både ved Voss Sjukehus, men også Haukeland Sjukehus.
Om Sjukehuset
Voss Sjukehus er del av Helse Bergen HF , og er eit akutt og lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. Sjukehuset tek også imot pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn. Sjukehuset er i spennande utvikling, har høg aktivitet og ønskjer å halde fram den positive utviklinga. Det er om lag 450 tilsette på sjukehuset.
Vil du vere med på denne utviklinga? Då ynskjer me at du søkjer stilling hjå oss!
Om Voss
Voss er ein god stad å bu. Det er eit godt oppvekstmiljø med godt utbygd barnehage og skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Voss er også ein attraktiv stad som tiltrekkjer seg folk frå heile verda med sine korte avstandar til kulturarrangement, naturopplevingar og meir ekstreme aktivitetar for store og små gjennom alle årstider. Nord-Europas mest moderne gondolbane går rett opp frå sentrum og startar berre eit steinkast frå sjukehuset
Arbeidsoppgåver
- Pleie, stell, observasjonar og oppfølging av pasientar i avdelinga
- Kontakt med pasient og pårørande
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling
- Oppgåver knytt til kjøkken og matservering og anna førefallande arbeid i avdelinga
- Ta del i og medansvar for oppfølging av elevar og lærlingar i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Krav om:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Søkjar må meistra norsk skriftleg og munnleg
Ynskje om:
- Relevant erfaring
- Kjenskap til IKT verktøya knytt til pasientbehandling i spesialisthelsetjenesten.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, fleksibel og likar varierte utfordringar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er imøtekommande og samarbeider godt, har gode kommunikasjonsevner.
- Du er påliteleg, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er målretta, løysingsorientert og får oppgåvene gjort
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Opplæring etter plan
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, +47 97711192Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4896300777
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 384868880
- Sist endret
- 16. des. 2024 07:22
Mer som dette
Bergen
Ønsker du å starte karrièren din ved Norges mest moderne sykehus? - Sommeren 2025
Haraldsplass diakonale sykehus