Byggesakshandsamar/Fagansvarleg byggesak

Arbeidsgiver
Volda kommune, Utvikling
Stillingstittel
Byggesakshandsamar
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli kollega med våre dyktige og engasjerte folk på utviklingsavdelinga i Volda kommune? Vi har no ledig stilling som byggesakshandsamar der vi kan vere fleksible på oppstartstidspunkt. 

Vi opplever høg aktivitet på byggesak. Det er mange prosjekt på gang i kommunen, både i ferdig regulerte område og med pågåande reguleringsprosessar. Byggesak og plan samarbeider tett og du vil medverke i planprosessane i kommunen. 

Det er viktig for oss at du har interesse og helst også erfaring frå fagområdet. Viss du har lang relevant erfaring kan det vere aktuelt å få eit større fagleg ansvar (sjå meir under arbeidsoppgåvar lenger ned). Vi er opptatt av høg kvalitet på tenestene våre og vi treng då engasjerte og dyktige tilsette. Det er eit komplisert regelverk vi forvaltar og skal gi rettleiing på til våre innbyggarar. 

 For andre året på rad hamna Volda kommune topp 3 i verksemdsstyring på den nasjonale Framsiktskonferansen i konkurranse med over 300 andre kommuner. Viss du vil vere med å utvikle Volda vidare kan dette vere sjansen din. 

 

Utviklingsavdelinga har 9 tilsette med ansvar for :

  • Handsaming av plan-, bygg- og delesaker
  • Overordna samfunnsplanlegging (kommuneplanarbeid)
  • Kart- og oppmålingsarbeid
  • Klima- og miljøsaker
  • Utskriving av eigedomsskatt

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av byggesaker
  • Informasjon og rettleiing til privatpersonar og firma
  • Handsaming av delesaker
  • Tilsyn i samband med byggesaker
  • Matrikkelføring
  • Seksjonering
  • Andre relevante oppgåver ved avdelinga kan også bli tillagt stillinga

 

Om du har lang relevant erfaring skal du i tillegg:

  • gi fagleg støtte til kollega og leiar i avdelinga 
  • ha ansvar for utviklingsoppgåver samt delta i opplæringsarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis ingeniør, arkitekt eller jurist.  Lang relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne

 

I tillegg er det ønskjeleg at du har:

  • God kjennskap til plan- og bygningslova
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Erfaring frå arbeid i byggebransjen
  • Godkjent matrikkelførarkurs
  • Erfaring med bruk digitale verktøy, til dømes Microsoft 365
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk
  • Utviklingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Løysningsorientert
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Arbeidstidsordning med fleksitid
  • Opplæring/rettleiing/kursing
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Jørgen Vestgarden, avdelingsleiar, 90470915, jorgen.vestgarden@volda.kommune.no

Tor Halvar Botnen, Kommunalsjef, 90052817, tor.halvar.botnen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4890546280

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Rådgivning, Ingeniør
FINN-kode
384869952
Sist endret
16. des. 2024 08:07