Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar på natt
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar på natt
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vår gode kollega har gått over i ei ny stilling og vi har difor har ledig 69 % fast stilling som helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar på natt, frå snarast.
Nattevaktene jobbar sjølvstendig ute hjå pasienten. Det kan td. vere besøk hjå dei som av ulike grunner treng tilsyn gjennom natta for å kunne fortsette å bu heime. Målet
til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet i heimen. Vi jobbar med
fokus på kvardagsmeistring.
Ein må kunne betjene tryggleiksalarmar, gi stell og pleie. Godt samarbeid med pasient og pårørande er viktig. Ein må rekne med ein del køyring i kommunal bil gjennom ei natt, i skiftande vêr og føreforhold. Området strekk seg i frå Hestenesøyra, rundt Gloppefjorden, Sandane, Anda og Breim.
Arbeidsoppgåver
- Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane.
- Følgevakt - de går to ilag ute på natt.
- Vakta går frå kl 22.00 til kl 05.00.
- Turnusarbeid med arbeid i vekedagane og arbeid tre helgar over ein periode på seks veker.
Kvalifikasjonar
- Primært helsefagarbeidar, men også andre med erfaring/interesse for arbeidsfeltet kan søkje.
- Du må ha førarkort for personbil og snakke godt norsk.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
- Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Lokale tillegg på natt for helsefagarbarbeidarar.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4896541916
Stillingsprosent: 69%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 384870492
- Sist endret
- 16. des. 2024 07:25