Barne-og ungdomsarbeidar/assistent med teiknspråkkompetanse– 83% vikariat

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Barne-og ungdomsarbeidar/assistent med teiknspråkkompetanse– 83% vikariat
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Radøy ungdomsskule har frå 02.01.25 - 30.06.25 ledig 83% vikariat stilling for barne- og ungdomsarbeidar/assistent med teiknspråkkompetanse. Stillinga følgjer skuleruta.

Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre  flotte elevar. 


Arbeidsoppgåver

Som barne- og ungdomsarbeidar/assistent hjå oss vil du ha ei avgjerande rolle i å sikre at alle ungdommar trivst og kjenner seg trygge, samtidig som du fremjar eit sterkt fellesskap prega av inkludering.

Vi ønskjer at kvar einaste dag skal gi ungdommane læringsutbytte og meistring, og du vil vere med på å leggje til rette for akkurat det.

I vårt team legg vi vekt på samarbeid og tett samhandling. Du vil ha høve til å samarbeide tett med lærarar og andre kollegaer, og saman skaper vi eit sterkt og støttande fellesskap. Vi set pris på din kunnskap og erfaring som ein viktig ressurs i teamet vårt.

Som ein del av di rolle vil du òg ha ansvaret for å følgje opp ungdommar i høve kommunikasjon, deriblant med teiknspråk, samspel og eventuelle medisinske behov. Din empati og omsorg vil vere avgjerande for å hjelpe ungdommane med å utvikle sterke sosiale ferdigheiter og sikre at dei får dei medisinske behova sine ivaretatt på ein omsorgsfull måte.


Kvalifikasjonskrav

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg med fagbrev som barne - og ungdomsarbeidar og søkjar må ha god teiknspråkkompetanse.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som er flink til å samarbeide med kollegaer, foreldre og andre involverte for å skape eit trygt og  inkluderande fellesskap for elevane. Ditt positive syn på elevane og fokuset på inkludering, er ein viktig eigenskap.

 Du har god evne til å organisere og planlegge arbeidsoppgåver på ein effektiv måte, noko som bidrar til ein godt strukturert og føreseieleg kvardag for elevane.

God relasjonskompetanse er ein viktig eigenskap. Du har evna til å bygge sterke band med elevane, lytte til deira behov, vise empati og skape ein støttande atmosfære. Dette gjer at elevane føler seg trygge, sett og ivaretatt.

Med din fleksibilitet, positive innstilling og løysingsorienterte tilnærming, er du ein ressurs når utfordringar må handterast.  Du er trygg i møte med nye oppgåver og er interessert i å lære og utvikle deg i møte med nye kompetansekrav. 

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede


Vi tilbyr
  • Spanande jobb med gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
  • God pensjonsordning i KLP

Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 15, 5936 Manger
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
384870943
Sist endret
16. des. 2024 07:24