Assistent pleie. 15% fast helgestilling ved Barne- og ungdomsklinikken, Medisin C 

Arbeidsgiver
Barne- og ungdomsklinikken/ Medisin C, barn og unge, Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent pleie. 15% fast helgestilling ved Barne- og ungdomsklinikken, Medisin C
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Barne – og ungdomsklinikken, Medisin C har ledig fast 15% stilling som assistent i pleie.

Barne- og ungdomsklinikken er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både lokale og nasjonale oppgåver, og dekker alle fagområda innan barnesjukdommar.
Barne- og ungdomsklinkken ligg i Glasblokkene og er organisert i 8 einingar: Medisin A, Medisin B, Medisin C, Nyføddintensiv, Eining for Barnekirurgi, Eining for legar, Eining for merkantile tjenester og Eining for habilitering. 

Medisin C tilbyr ein spennande arbeidsplass, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Saman skal vi bidra for å sikra og utvikla gode tenester, og du vil vere ein viktig bidragsytar. Medisin C består av sengepost, barneovervaking, barnemottak og poliklinikk.

Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn og unge mellom 0-18 år, med infeksjons-, lunge-, hjartesjukdommar, generell pediatri, akuttmedisinske tilstandar og sosialpediatri. I tillegg er det utgreiing av pasientar som ikkje har ei kjend diagnose, og som etter endt utgreiing blir overflytta til riktig seksjonen på Barn- og ungdomsklinikken.

Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). 


Arbeidsoppgåver

  • Hos oss skal du observere og gi pleie til barn og ungdom
  • Gi støtte og omsorg til pasientar og pårørande
  • Du vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid som skal gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphold hos oss
  • Vi er opptatt av rett kompetanse til våre pasientar og vi jobber derfor på tvers av seksjonar på BUK i forhold til pasientane sine behov 

Kvalifikasjonar

  • Du må ha påbyrja eller ferdig med helsefagleg utdanning
  • Det er ønskeleg med erfaring frå barn på sjukehus eller annan erfaring med sjuke barn
  • Interesse for å tileigne seg kunnskap
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid 
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa 
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg. Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Som søkar må du vere fagleg engasjert, nøyaktig, sjølvstendig og ha evne til samarbeid
  • Du må like å arbeide i høgt tempo og vere innstilt på endring
  • Ha respekt for det enkelte medmenneske
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Like varierte utfordringar 

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Opplæring
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Åslaug Eide, Seksjonsleiar, 41701488

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4895116319

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
384872792
Sist endret
16. des. 2024 07:25