Radiograf

Arbeidsgiver
Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Radiograf
Frist
27.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Radiograf til fast stilling i Ålesund – bli ein del av vårt spanande team!

Radiologisk avdeling i Ålesund har no ledig ei 100 % fast stilling som radiograf, med oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Vi har eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø med ein god miks av unge og erfarne radiografar. Her finn du engasjerte kollegaer og ein dynamisk arbeidskvardag som byr på faglege utfordringar. Vi søker deg som er læringsvillig, initiativrik og som bidrar positivt både fagleg og sosialt i gruppa.

Avdelinga vår har høg produksjon og omfattar modalitetar som CT, MR, UL, konvensjonell røntgen og nukleærmedisin (SPECT-CT og PET-CT). Vi har også ein topp moderne intervensjonslab for både generelle og avanserte prosedyrar som EVAR, samt eit brystdiagnostisk senter som utfører både screening og kliniske undersøkingar. Hos oss dekker vi dagleg spesialområder som lunge, hjarte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.

Ålesund og Sunnmøre er kjende for sine spektakulære fjordar, fjell og byar – eit eldorado for natur- og kulturinteresserte. Med kort veg til både flyplass (25 minutter) og storslått natur, ligg alt til rette for eit rikt og spanande liv også utanfor arbeidstida. Sjå her for meir informasjon.

Virker dette spanende? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legger ved dokumentasjon på vitnemål, arbeidserfaring og referanser. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som fremkjem i CV og til å fastsette lønn. Søknadsfrist er snarast mogleg , og intervju og ansettelse blir gjennomført fortløpande.
Helse Møre og Romsdal HF ønsker at våre medarbeidere skal gjenspeile befolkningens mangfold og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss, uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjelder dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pålagde arbeidsoppgåver i seksjonen
  • Sikre at eigen kompetanse alltid er i samsvar med aktuelle krav og retningslinjer
  • Vere positiv til tilleggsoppgåver ved behov
  • Turnusarbeid må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt
  • Vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik og engasjert
  • Evne og vilje til samarbeid i ein aktiv arbeidskvardag
  • Bidra til eit positivt og godt samarbeidsmiljø
  • Nøyaktig og med høg arbeidskapasitet
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4892647838
Stillingsprosent: 100%
Fast

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Radiograf, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
384875647
Sist endret
16. des. 2024 07:29