Pedagogstillingar i Kløve barnehage

Arbeidsgiver
Voss herad Kløve barnehage
Stillingstittel
2 X 100% fast stilling som pedagogisk leiar
Frist
03.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kløve barnehage, ligg i landlege omgjevnader på Kløve, om lag 9 km frå Voss sentrum. Barnehagen er ein ein-avdelings barnehage med 25 barn. Barnehagen har store og gode rom med eigen gymsal og fine uteområde, og har lavvo i nærleiken av barnehagen.

Me har ledig 2 fast stillingar 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting frå d.d. eller så snart som mogeleg. 

Me  tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærarar ved 100 % stilling. Dette gjeld berre eksterne søkarar
  • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg  ved 100 % stilling
  • God ordning for etter – og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

  Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest.

 Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet.  
  • Utvikle og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar.
  • Førebu og gjennomføra oppstartsamtalar og foreldresamtalar
  • Syta for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø.  

 Me ynskjer at:

  • Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom
  • Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. 
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig.
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Raundalsvegen 360, 5706 Voss
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
385232642
Sist endret
16. des. 2024 12:43