For deg mellom 15-17 år: Ferievikar som trivselsarbeidar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Stillingstittel
Trivselsarbeidar i helse og omsorg
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meningsfull sommarjobb! I veke 26-32 har sektor helse og omsorg behov for fleire ferievikarar som kan bidra med praktiske og sosiale oppgåver ved sjukeheimsavdelingane i Volda og Hornindal, i tillegg til Barstadtun og Fjordsyn omsorgsbustadar. Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad. 


Arbeidsoppgåver

 

  • Dekke bord og førebu måltid
  • Hjelpe til å servere ved måltida – rydde opp etter måltid
  • Bidra til trim, song, musikk, høgtlesing og turar
  • Delta på ulike aktivitetar saman med bebuerar og tilsette slik vi kan gi bebuerane ein aktiv og meiningsfylt kvardag
  • Andre praktiske oppgåver som til dømes rydding av rom, fylle i skap, skifte på seng, enkle reinhaldsoppgåver
  • Oppgåver som trivselsarbeidarane ikkje skal gjere: Delta i stell, toalettbesøk, mating.

Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, det er høve til å arbeide dag, kveld og helg. 

 

Kvalifikasjonar

Til desse stillingane ynskjer vi personar mellom 15-17 år som snakkar flytande norsk. (Ein kan søkje same år som ein fyller 15 år.)

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:
  • Ta ansvar
  • Møte presis
  • Ha gode samarbeidsevner og gode haldningar
  • Vere god til å kommunisere med andre
  • Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.


Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet. 

Løn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Anita Kristiansen, avdelingsleiar HBO, 94 14 25 15, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4894666397

Stillingsprosent: 70%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
385232908
Sist endret
16. des. 2024 01:45