Har du lyst til å vere ferievikar på Institusjonane i sommar ?
- Arbeidsgiver
- Volda kommune, Institusjonsteneste
- Stillingstittel
- Ferievikar Institusjon
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
I tidsrommet 23 juni - 17 aug kan vi tilby inntil 100 % stilling som ferievikar i avdeling Institusjon. Vi treng vikarar på desse seksjonane, Selje-/Hasletunet , Pile-/Kleppetunet , Otta-/Karvestova og Korttidsseksjonen på Volda Omsorgssenter og på Hornindal Omsorgssenter.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på kr 10.000,- per person.
For personar som har arbeidsstad i Hornindal er stipendet kr 20.000,-. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema.
https://skjema.volda.kommune.no/skjema/VOL181/Sknad om kompetansemidlar til utdanning
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane ved Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter.
- Det blir i tillegg søkt etter vikar på vaskeria ved omsorgssentera i delar av ferieperioden
Kvalifikasjonar
- Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta.
- Ønske om at du har relevant praksis / erfaring
- Søkjerar må meistre norsk både munnleg og skrifteleg flytande.
- Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i jobb i kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
- Du må ha gyldig arbeid- og oppholdstillatelse.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet.
- Kunne ta ansvar.
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig.
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber også om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin;
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
- Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
- Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
- Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noSigrid Saanum, Seksjonsleiar Pile /Kleppetunet, 99228370, sigrid.saanum@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/karvestova, 94139817, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no
Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4894668823
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 8
- Sted
- Barstadmarka 2, 6102 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 385233126
- Sist endret
- 16. des. 2024 12:59