Studiekoordinator Eldremedisinsk Forskningsgruppe

Arbeidsgiver
Forsking og innovasjon, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Studiekoordinator Eldremedisinsk forskningsgruppe
Frist
03.01.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

No har du sjansen til å kombinere din faglege kompetanse med banebrytande forsking som kan forandre utsiktene til personar med kognitiv svikt og demens! Vi søkjer ein engasjert studiekoordinator til ei 50 % mellombels stilling i Eldremedisinsk Forskingsgruppe.

Stillinga er knytt til kvinnehelseprosjektet "Demens med Lewylegemer hos kvinner," og er finansiert av Noregs Forskingsråd. I tillegg vil den som vert tilsett koordinera ulike kliniske legemiddel-studiar ved ulike demenssjukdomar, sjå vår nettside for oversikt over alle pågåande studiar her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/forsking-og-innovasjon/eldremedisinsk-forskingsgruppe/

Eldremedisinsk Poliklinikk leiar studien vi har kalla "Demens med Lewylegemer hos kvinner" der vi skal finna nye biologiske markører i blodprøvar og ryggmargsvæske hos kvinner diagnostisert med Lewylegemedemens. Vi leiar i tillegg den nasjonale legemiddelstudien, ANeED-studien, der vi prøver ut ambroksol ved demens med lewylegemer. Vi startar i desse dagar opp ANeED Joint Effort21 for å samla inn digitale data frå ulike sensorar frå deltakarar i legemiddelstudien, og FEAD-studien der vi testar om fasudil har effekt mot Alzheimers sjukdom.


Arbeidsoppgåver

  • Ein arbeidsplass der forskning står i fokus
  • Koordinere våre studiar med andre forskningssentra i alle helseregionar i Noreg
  • Koordinere våre studier med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og industripartnarar
  • Rapportere til Helse Fonna, Helse Vest og Forskingsrådet
  • Koordinere nye søknader inkludert med fysiske samlingar

Kvalifikasjonar

  • Bachelor, master eller PhD frå relevant utdanning
  • Gjerne relevant erfaring frå kliniske studier
  • God norsk og engelsk formidlingsevne både skriftleg og munleg
  • God kjennskap til vanlege digitale verktøy
  • Kompetanse og/eller interesse for eldremedisin, kognitiv svikt og demens
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
  • Manglar du erfaring? Ta likevel kontakt! Vi har forståelse for at erfaring kjem med tida! Vi tilbyr god opplæring til deg i forskings koordinering
  • Godt arbeidsmiljø der vi jobbar tett saman slik at du får utvikle deg både fagleg og personleg!

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du er

  • effektiv, strukturert og nøyaktig
  • god på teamarbeid og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • ansvarsbevisst og klarer å prioritere mellom oppgaver
  • fleksibel og sjølstendig
  • god på å ta initiativ og engasjerer deg i arbeidet

Vi tilbyr

  • Banebrytende innovative forskningstudiar
  • Arbeidsplass med aktivt fagmiljø
  • Kursdagar 
  • Aktiv deltakar i Forskningsgruppa i Eldremedisin
  • Høve til eigen forskning innan Eldremedisin
  • Samarbeid med andre helseforetak, universitet og høgskular

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Arvid Rongve, Leiar Eldremedisinsk Poliklinikk og forskingsgruppe, +47 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4895690062

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Søknadsfrist: 03.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Prosjektledelse
FINN-kode
385254156
Sist endret
17. des. 2024 06:57