Heimetenestene

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Heimetenestene
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% vikariat i langvaktsturnus
Frist
15.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Heimetenestene har ledig vikariat i 100 % stilling for sjukepleiar i perioden frå snarast og fram t.o.m. 01.09.2025. Stillinga er i turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg.

Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiingsansvar
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Heimetenestene som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referanser
Oppgi referanser. Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

  
Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Brugata 6, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
385258080
Sist endret
17. des. 2024 08:02